logo                              Sæterboka   Norddal prestegard   Diverse foto   
                             Verdensarv   Kontakt   Skiminner  Norddal idrottslag

                              Lekkjer   Dyrdalen
                            
          NY BOK......."Med og utan kortebukse",
        240 sider og 400 bilete med lokal- og kultur-
        historie frå Norddal på indre Sunnmøre
 (gå til side)

kvern

 Denne boka er diverre utseld, men er å finne i biblioteka:
4.-
 KVERNENE  I NORDDAL 
Bok om korn, vatn, kvern og mjøl i sunnmørsbygda Norddal. Boka er på 116 sider med tekst, kart og foto. Skildringa er knytt til ei vestlandsbygd, men kan likevel tene som generelt stoff om korn- og kvernhustida som varde i hundrevis av år i landet.  Kvernene som tok til å bli ubrukte i førkrigsåra, fekk sin renessanse i krigsåra, men stoppa for godt i dei første 1950-åra. No er kvernbruken berre ei kultur- og næringshistorie, og kunnskapen om korleis folket streva for å  livberge seg med korn, heimelaga mjøl og anna er nesten gått i gløymeboka no.   
Sjå: Innhaldsside - Kart -  Bokomtale
         

 

Andre bøker:
2.- LØYPESTRENGAR OG TAUBANER
Bok (hefteform) om løypestrengar og taubaner i Norddal. Boka er trykt i fargar i A4-format, og er tosidig med 63 sider i alt. 
      Løypestrengane og taubanene var svært viktige i utmarksnæringa og for fjellgardane.  Dei første strengane kom til bygda litt før 1890 trur vi, og fekk ein utvida bruk først på 1900-talet. Men straks krigen var over tok omlegginga av jordbruket til, og 10-20 år etter krigen var løypestrengane nedlagde og borte frå landskapet.
     Slik er det ikkje mange i dag som veit noko om løypestrengane og bruken av desse. Strengane som var til uvurderleg hjelp til nedsending av véd, turrhøy og anna som vart henta i utmarka. Boka er å få kjøpt hos forfattaren. (Pris 120 kroner + ev porto), og hos Nærbutikken i Norddal


 




(boka nedanfor er utseld, ny utgåve kjem kanskje seinare - viser til biblioteka)
3.-
Dialektord i bok, utg.3  - FRÅ  NORDDAL, SUNNMØRE
Dialektord og seiemåtar har ein tendens til å gå i gløymeboka. Eit opnare samfunn med påverknad frå media og meir reising gjer at bruken av lokale ord og uttrykk heile tida blir mindre. Og med nye generasjonar blir dette meir og meir merkbart. Ord som før var sjølvsagde, er snart ikkje i bruk lenger. Språket var ein viktig del av miljø og kultur, og det har stor verdi å ta vare på det lokale språket..
      Boka inneheld mi liste slik som eg synest å hugse dialektorda var brukte. Eg har framleis interesse  av å få supplert lista slik at vi til slutt kan få med det meste av eldre ord og uttrykk.  Ikkje alle ord er gamle og rare, men for yngre generasjonar kan mange ord vere framande. Og sjølv om ord og seiemåtar fyrst og fremst er Norddals-dialekten, er dei kjende  i ulike former i andre bygdelag på Sunnmøre.      

Nokre få eksempel:

bie 
v.              - vente, stoppe. Bi no litt, sei ej!
hele  v.            - rime, fryse til.  I natt hæ dæ hela tej     
ei kòrstå
adv. - ein eller annan stad.  Brokja må vere
                           ei kòrstå
såtime  m.       - rotekopp, ein som ikkje har initiativ. 
                          Du væra for en såtime du hæ vòrte du

 Om: Dialekt, dativ, ordeksempel
UNIVERSITET I OSLO
   
"Vi har no kvalitetssikra ordsamlinga di, og kom fram til at samlinga ser særs ryddig og god ut. Systemet du har brukt  er midt i blinken for det elektroniske innleggingssystemet vårt, og vi vil gjerne bruke samlinga di som underlagsmateriale i produksjonen av Norsk Ordbok 2014."
 
Veg vidare:  
Verdsarv   Happy Herdal  
Norddal Prestegard        Verdsarven Sæterbok     The Happy End     Herdalssetra      Litt idrottshistorie

         
Norddal over fjorden,  ei sunnmørsbygd - Isen har gjort godt arbeid i Verdsarvområdet mot Geiranger 
(grensa går om lag i snøkanten). Den mektige toppen til venstre bak er Torvløysa , 1851 m.o.h.
Frå  Volda skisenter  med Rotevatnet og Rotsethorn bak.  Dette er noko av den fine naturen og
det flotte turterrenget Volda har. Rotevatnet i botnen og Rotsethornet rett bak