KULTUR - HISTORIE

     
 STADNAMN      STORFJORDLITTERATUR     GAMLE NORDDAL     JEKTEKØYLA      DUNAVOLLSKULEN  
      BALLADEN OM BUDA
ORDFØRARDYNASTIET  I  NORDDAL
Ordførardynastiet er eit omgrep som vart nytta på ein lang periode av Norddal kommune si historie. Frå 1837 til 1920 var far Arne, son Elias og soneson Nils ordførarar i 76 år, stort sett i ei samanhengande rekke, 8+32+36 år. Det vart også brukt omgrepet Ordførarhuset Grønningsæter. Og seinare kom ein annan Grønningsæter  inn i ordførarrekka, det var Gerhard som også var i slekta.
         
Nils Eliasson Grønningsæter (1845-1933) er nok den fremste representanten  for "ordførardynastiet" i Norddalsbygda. "Nils på dampa" kalla dei han i Norddal, for så mykje reiste han med dampbåten inn og ut fjorden, at "på dampa" var tryggaste staden å treffe på han. Full av historier var han, og glad i å fortelje, så det sat alltid mykje folk rundt han. I ein artikkel gir Gudmund Relling eit innsyn i heile ordførarslekta Grønningsæter som gjorde seg gjeldande både i fylket, i kommunen og på Stortinget
.
        

          Sjå meir:  
https://www.storfjord1.no/artiklar/fjordfolket/personar/ordforardynastiet-i-norddal


Nils Nils på dampa
Nils E. Grønningsæter (1845-1951) var fødd i Klokkardalen som var den kommunale bustaden for klokkarane. Faren var lærar, klokkar, ordførar og stortingsmann. Nils gifte seg inn på nabogarden Dalhus,med Pernille. Ho døydde frå han etter nokre år, og Nils gifte seg  seinare opp att med Marie Jamtegard, som vi ser på bildet.
         Nils var ordførar i Norddal kommune i 36 år, og med det også med i amtstinget (fylkestinget). Der var han oppmann meste-parten av tida med dobbeltstemme. Han var og amtsrevisor og hadde  ei lang rekke verv både kommunalt og i fylket.
         Han var soleis jamt på farten, og fekk difor tilnamnet Nils på dampa. Der var han lettast å treffe



Stadnamn

Lokale stadnamn som var svært mykje brukt før i tida er det viktig å ta vare på. Stat, fylke og kommune har i lang tid arbeidt med registrering av desse, og held framleis på. I slikt arbeid er dei avhengige av lokal hjelp.
          Per Yttredal frå Norddal  si hovudoppgåva til lektorutdanninga i Oslo var om stadnamn i Norddal. Utdanninga var ferdig i 1946 og difor er innhaldet i oppgåva viktig. Han fekk intervjue og samle stoff om stadnamna hos eldre folk. Og i slikt arbeid er det betre til tidlegare dette er utført. Lokale stadnamn fanst det i hovudsak mest av i utmarka, og når utmarka er mykje mindre brukt fram mot vår tid, var det viktig å berge dei før dei vart gløymde.
          Hovudoppgåva til Per var eit handskrive dokument på  220 sider. Dette er no overført til data, som kan trykkast og søkast i.  Den dataskrivne oppgåva til Per er no i privat eige.
          I boka mi om lokale stadnamn, "Ka kallja dei dæ dær" frå 2019, har eg fått bruke ein del av Per sitt stoff 

PerPer

Det følgjande er sida til innleiing i den maskinskrivne stadnamnboka til Per. Og som gir ei
forklaring til og ei oversikt over Per sitt store og viktige arbeid i stadnamnregistreringa

Per
 

Litteratur frå Storfjorden og landet ikring
    Mykje litteratur; Bøker, romanar, artiklar m.m. i ei samla oversikt finn ein i heimesida til foreininga
    Sjøfart og sjøbruk i Storfjorden.    Under finn du adressa til denne sida:


https://www.storfjord1.no/artiklar/storfjorden1/generelt/litteratur-knytt-til-folket-og-bygdene-langs-storfjorden/

 


Gamle Norddal

Bygda gl


I  1883 såg sjølina til Norddal slik ut. Fotograf Jakob A. Kirkhorn tok eit bilde på glasplate av heile bygda. Det var eit svært godt bilde som det kan takast utsnitt av, og som i detalj syner gode opplysningar om landskapet. Over elva er det som heiter Dalebø (del av Dale gard) og på denne sideav elva nedste del av Relling gard.
           Lengst borte står Norddal kyrkje som vart bygt i 1782 der den gamle stavkyrkja stod. Norddal kyrkje er den eldste trekyrkja på Sunnmøre, og er hovudkyrkja i prestegjeldet. Ho er 8-kanta og var modell for fleire kyrkjer. På kyrkjegarden ser vi Kyrkjebjørka, som var ei svært stor og gammal bjørk som vart felt i 1956, ein kubbe av ho finst på Sunnmøre museum.
           I husklynga på Dalebø ser vi tiendestabburet der tienda til kyrkje og prest vart levert og oppbevart, det er huset nærast mot oss i klynga.  Engeset gard (2,5 km fram frå sjøen) vart prestegard i 1694,og ein trur at tiendestabburet vart bygt rundt 1700. Norddal prestegjeld omfatar bygdene i eks Norddal kommune, og i 1673-1861 også Sunnylven/Geiranger. Det mørke huset i husklynga er det gamle skulehuset (seinare Kommunehuset) som vart reist av bygdefolket i 1844, og som truleg var det første faste skulebygget på Sunnmøre. Husklynga inneheld også to landhandlarar. I eitt av dei andre husa budde jordmora Margrete Dalebøe som var den første jordmora i distriktet. Jordmor-Margret fekk utdanninga si i Danmark, saman med ei jente frå Stranda. Ein strandar køyrde dei to til Oslo med hest. I huset hennar fanst ei glasrute frå stavkyrkja (før 1782) som no er på Bergen Museum. Huset til Margrete vart rive ettter ho døydde i 1879, og vart sett opp lenger framme, der også barnebarnet Berte Kylling budde. Framfor Ole-buda l (til høgre for kommunehuset) låg ei diger troppehelle som vart kalla Tinghella. Og historia fortel at dette var hella frå Tinghaugen den gongen Dale var tingstad og senter for skipreidet. Hella var tingbord eller "talarstol" på tinget.
          Det lange kvite huset til høgre vart først bygt av presten Ludolph Krohn i 1780-åra, men seinare påbygt. Her var postkontoret i Norddal frå 1859 til 1961, og telefonsentral frå 1906 til 1967. Dette er Iverhuset på Ivergarden. Til høgre for Iverhuset ser vi Melchiorgarden med eldre hus. Her kom seinare nye hus, dei brann ned i 1936.
          Naustrekka nede til høgre tilhøyrer Rellingsgardane. Like til venstre for nausta ser vi ytste del av Jektekøyla, med restane av eit stativ til støtte for jekter som skulle vedlikehaldast eller ha andre gjeremål. Jektekøyla var ei brei sjøstripe som gjekk inn i landet, men som vart attfylt. Sjølina til Norddal har to fine naustrekker, ei på kvar side av elva, desse er i dag vedlikehaldne og i bruk nesten som før. I 1883 var her ikkje dampskipskai, denne vart bygt i 1902 på Dalebøsida av elva.

Jektekøylå i Norddal

På fotoet ovanfor ser vi det som er att av Jektekøyla i 1883, til venstre for Rellingsnausta. Vi ser inngangen og attståande berebukkar som vart brukte ved vedlikehald og nybygg f.eks. Vi kan ikkje over/bak nausta sjå noko av køyla, ein trur at køyla gjekk eit godt stykke fram over land, så her kan nok attfyllinga ha teke til.
        Ei køyle er ein kanal, renne eller smalt sund som er fylt med vatn, og som går inn i landet. Det blir diskutert om denne køyla kunne vere at Hallstadelva gjekk her, og saman med utforminga av landet laga køyla. Men truleg var ikkje køyla så svært stor, og at det var floa som fylte ho slik at jektene då kunne gå fram i, og sikrast når floa gjekk tilbake. Men storleiken på køyla veit ein ikkje sikkert, berre at her var ei køyle som vart mykje brukt.
        Jekter var eit handels-og fraktefartøy som gjekk langs kysten. Og som hadde sitt utspring heilt tilbake til vikingetida og vikingeskipa. Dei vart utvikla i fleire former gjennom århundra, på 1500-talet var det mykje jektefart på kysten, og i 1600-1700 åra var det mange jekter som frakta alle slags varer på kysten, spesielt til og frå byar som Bergen og Trondheim. Alle bygdene i vårt omland hadde jekter eller samarbeid i jektefarta. Landsdelane hadde sine typer, og sunnmørsjekta var ei  type. Storleiken varierte, men jekta kunne vere 16-17 m lang og 6 m brei., og med 8-10 mann om bord. På heimesida til Sjøfart og sjøbruk i Storfjorden (sjå over) kan ein finne meir stoff om jektetida. I 1852 vart det bygt ei jekt i jektekøyla på Relling.
        Jon Dale som har laga mykje kulturstoff frå bygda, laga ein gong ei teikning med tekst om dette miljøet. Teikninga er utført på frihand, og er ikkje heilt dimensjonert etter det ekte. Men mange ting er attkjennande og gir oss eit fint innblikk i ei anna tid og eit anna bygdemiljø.  For berre 150-200 år sidan var det eit heilt anna liv på fjorden og ved sjøkanten i fjordbygda. Teikning og tekst er utklipp frå Sunnmørsposten
Jekt
 
    Dunavollskulen 
Her er nokre tilfeldige sider frå boka som eksempel på innhaldet. Men som sagt før, elevbilda er hovudinnhaldet

BygdaGamleskulenOmgangElevar