Litt om VOLDA   Vaapen

                HISTORIKK     ØKONOMISKULEN     GL. GYMNASET     VG. SKULE     KYRKJA     VEG VIDARE    


Voldabyen
                Tettstaden Volda i Volda kommune ligg som ei perle ved Voldafjorden, der ferjer går til andre sida. Rotevatnet         
                ligg fint til i landskapet, og Rotsethornet til venstre er sjølve landemerket i naturen. Folketalet i sentrum med       
                nye byggefelt framover i Vikebygda kan truleg vere opp mot 7000. I dette synsfeltet ligg sjukehus, høgskule, litt
                industri og ein variasjon av handelsbedrifter. Hitover mot oss frå Rotevatnet i Vassbotn ligg ei fin golfbane
Sentrum 2016Sentrum 1929
Foto av sentrum som ligg like ned til fjorden i 2016. Den eldste delen av  sentrumsbebyggelsen har fått mange fleire tilskot med åra. Inne i denne husflokken finn vi rådhuset, kyrkja, deler av høgskulen, den vidaregåande  skulen, andre skular m.m. Utanfor bildekanten til venstre ligg sjukehuset, hovudelane av høgskulen, ny idrettshall m.m. Slik såg sentrum av Volda ut i 1929. Mindre med hus sjølvsagt, og jordbruksland i og like ved. Den gamle trekyrkja brann ned i 1929. I høgre kant bak eit tre finn vi gamlegymnaset, som vart bygt i 1851 i ein etasje, påbygt i 1910,  og i bruk heilt fram til 1966. I fjøra langt borte ligg Garvarbuda, som i dag er museum

Historikk
-
     Namnet Volda kjem av Valdr (norrønt) som er knytt til fjorden, og har betydninga: bølgjar, boblar, kokar, brusar  
-    
Då Volda kommune vart oppretta i 1837 omfatta dette eit større distrikt enn i dag. I 1883 vart Ørsta frådelt, og i 1924 Dalsfjord, som vart
      eigne  kommunar. I 1964 vart Dalsfjord kommune og  i 2020 Hornindal kommune samanslåtte med Volda kommune. Den nye kommunen
      fekk namnet Volda kommune. Som også fekk deler av Ørsta i Hjørundfjorden i 2020. No er folketalet rundt 10900. I kommunen  er Volda
      største tettstaden, men har fleire mindre, som Grodås, Mork, Folkestad m. fl.
-    Det nye kommunevåpenet frå 2020 har ein sølv pennesplitt som er symbol for utdanning og kunnskap, og med to ljå på sidene som symbol
      på jordbruk og ljåsmiing i Hornindal

Samferdsel
  Då ny riksveg E39 vart bygd i 2005 med tunnel gjennom Kviven til Hornindal og Nordfjord, fekk distriktet god veg sørover til ferjefritt
     samband til fastlandet via Strynefjellet, og til andre vegsamband den vegen. På veg nordover må ein bruke ferje til Ålesund og andre stader i nord
-   To ferjer over fjorden går til Folkestad og til Lauvstad med fleire vegar vidare
-   Flyplassen i Hovdebygda ligg 5 km frå Volda sentrum. Widerøe har fleire daglege avgangar både sørover og nordover.

Skulestad
    
Tettstaden Volda har lange tradisjonar som skulestad, og som er ført vidare. Ein kort gjennomgang fortel litt om det:
-    Lærarutdnninga som tok til i 1861, har gått uavbrutt sidan, og vidareført i høgskulen. I 1922 vart Kaarstadbygget reist, og Volda hadde                                                   
      lenge landets største lærarskule
-    Volda gymnas starta i 1910 og var det første gymnaset på landsbygda i Noreg. Gymnaset held til i same trebygninga heilt til 1963, då fekk
      dei nytt bygg. Skulen fekk namnet Volda off. landsgymnas i .... No heiter skulen Volda vidaregåande skule, frå den vart samanslått med
      Volda vidaregåande skule, handel og kontor i 1994. Den nye Volda vg. skule har i dag  mange utdanningsprogram, ca. 540 elevar og 95 tilsette
-    Volda handelsskule vart skipa i 1933 som den fyrste handelsskulen i Noreg utanom byane. Ved sida av 1-årig handelsskule vart
      utdanninga  utvida og endra fleire gonger. Sjå meir eigen omtale. Skulen fekk nytt bygg i 1986  og vart samanslått med Volda vg skule AF i 1994
-    Høgskulen i Volda tok til i 1994, og er i dag blitt ein svær skule med mange studietilbod. Eitt av det er lærarutdanning på fleire nivå, eit
     anna er medialina som er kjend for si utdanning, m.a. av mediafolka vi har i NRK etc.. Høgskulen har i dag fleire skulebygg over eit stort område,          
      i 2022 er 4600 studentar og rundt 390 tilsette knytte til høgskulen
-   Volda er eit viktig sentrum for nynorsk skriftkultur med mastergrad i språket, Nynorsksenteret på høgskulen, og festspela i Ørsta/Volda

Kultur
-   
Då gamlekyrkja brann i 1929  vart ny kyrkje i stein sett opp i Volda sentrum i 1932. Ho er blitt kalla "Sunnmørskatedralen" då ho                
      m.a. eignar seg ekstra godt til  musikkframføringar. Ho inneheld vakre måleri og er i det heile ei litt særskild og vakker kyrkje. Kommunen         
      har elles fleire mindre og fine kyrkjer i dei andre bygdene
-    Kommunen har fleire museum, med kanskje Anders Svors-museet i Hornindal som det mest kjende. Men ein kan også nemne           
     Aarflotmuseet som inneheld trykkeriet frå 1809, og vi har Dalsfjord fyrmuseum og ei rekke andre innanfor kommunegrensene
-    Damelaget i Volda handballklubb spelar i dag i norsk toppserie, og damelaget i KFUM i toppserien i volleyball. I 2021 vart det sett opp stor ny
      idrettshall i Volda sentrum. Og idrettsaktivitetar og friluftsliv har høg og viktig interesse, og gode forhold i kommunnen     


Med skulen som arbeidsplass i Volda
Litt om handelsskule, økonomiutdanning og vidaregåande skule i skulebyen

Bygget tekst   fullskule 
 Litt kort historie om dette bygget, før i tida eit velkjent bygg i Volda sentrum.  Vi ser skulen i 1970-åra som vart bygt av Lars Løvold i 1933, som den 1. handelsskulen på landsbygda i Noreg . Bygget var først mindre, seinare utvida til høgre, med eit tilbygg bak rundt 1960. Kommunen leigde i mange år kontor i kjellaren, og lensmannen hadde 2 arrestar her til langt ut i 70-åra. På toppen var der leilegheit for lærarar og andre, seinare lærarrom. Då vi fekk nybygg vart denne sentralt-ståande skulen riven i 1997. I 53 år var bygget arbeidsplassen for tusenvis av elevar, og lærarar og gode kollegaer. Dette var min arbeidsplass i 22 år (1964-1986). Litt meir om økonomiutdanninga i Volda ein annan stad. Teksten trykt på bildet over er litt tilfeldig, bildet vart brukt under eit 50års-jubileum Eit jubelbilde i 1984, fotografert av Lasse Kornberg. Denne dagen hadde vi fått melding om at fylket ville bygge ny skule for oss, som no var 3-årig vidaregåande skule for handel og kontor. Denne dagen, dette året, hadde skulen 240 elevar og rundt 30 tilsette, og var meir enn stappfull. Svært mange elevar har vore her, på handelsskule, eller 2-årig handelsgymas, 3-årig økonomisk gymnas, kveldskurs og 1 el. 2 el. 3 år på vidaregåande skule. med hovudvekt på handel, økonomi, administrasjon og andre allmennfag. På liner som gav generell studiekompetanse. Ein trang, stadig påbygt og endra skule, men likevel svært triveleg og med godt miljø. Her vart skapt skulehistorie, store og små hendingar, i eit fritt og bra skulemiljø

Tilsette
Ei helsing til tilsettejengen på Volda vidaregåande skule HK, i nybygget vi flytta til på Engeset i Volda i 1986. Her var vi sjølstendig skule fram til samanslåinga med AF-skulen i 1994.  Bildet fortel at vi feirar noko sidan vi er så pyntekledde. Det kan vere avslutning til jul, sommar eller for nokon som har dag eller skal slutte. Litt usikker på kva høve dette var, men humøret er som vanleg triveleg og godt. Kanskje etter replikken frå Terje eller ein annan. Dette var gode kollegaer, med gode kvalifikasjonar både teoretisk og praktisk, som gav undervisning i økonomi, handel, rekneskap og administrasjon, men og i språk og andre allmennfag  i den 3-årige vidaregåande skulen. Det var då øk. fagkrinsar som diverre kom bort, og som det i dag er eit stort behov for, erfarar vi. Den minste tilsettegruppa var dei som held skulehuset i orden, på kontoret og med reinhald og vakmeistertenester. Ein triveleg og sosial jeng er det vi ser


GAMLEGYMNASET

Gamlegymnaset Gamle gymnas

I dette bygget på Engeset i Volda starta det fyrste 3-årige gymnaset på landsbygda i Noreg. Det var eit privat gymnas, og det var Johan F. Voss og Olav Riste som sto for den bragden. Dei hadde kjøpt skulebygget, som då hadde ei eldre historie. 1. etasje vart sett opp i 1861 som hus for kapteinane i landforsvaret, og namnet på bygget var den tid Kapteingarden. 30 år seinare kjøpte Aage Stabell huset og starta ein Millomskule. Som vart driven til Voss og Riste overtok og bygde 2. etasje i 1910. Dei starta då gymnaset, og dreiv mellomskulen som var der vidare. Det vart Volda private millomskule og gymnasium, og som seinare fekk namnet Volda off. lands-gymnas. Hit kom mange elevar nesten frå heile landet, og vart eit ettertrakta og kjent gymnas fram til 1966. Då hadde det nye gymnasbygget blitt bygt i 1963, og gamlegymnaset vart då berre nytta som tillegg eit par år.
         Gamlegymnaset sto ledig og nesten tomt i 50 år, og til forfall. Berre brukt til orkesterøvingar og kurs i maling osb. Men ivrige vener av bygget søkte tilskot, og arbeidde iherdig med ei bevaring. Slik at i dag står huset fint opp-pussa med nytt tak og ytre vedlikehald som måling og vedlikahald av vindauga. Ei lengre historie om dette verdifulle huset høver ikkje her, men kan finnast på nettet, som eks.: http://gamlegymnaset.no/


VIDAREGÅANDE SKULE

Gymnasområdet
Dett er ei fin oversikt over det flotte området til Volda vidaregåande skule, som ligg på Engeset i lia like ovanfor Volda sentrum. Skulen er fylkeskommunal, og tomtelandet er også fylkesområde. Huset nærast er bygget til Volda vidaregåande skule HK, som flytte hit i 1986 frå gamleskulen, og det var 8 år før skulesamanslåinga. Neste bygg med svart tak er Voldahallen, som var eit  kommunalt idrettsbygg bygt i 19...  No nedlagt som vanleg idrettshall og leigd ut til Sunnmøres største Padel-hall (ny idrettsform). Flata ovanfor er Steinrøysa stadion. Tidlegare idrettsplass, fotballbane og festplass. Namn etter kvalitet på tidlegare grunn. No i hovudsak parkeringsplass. Det vesle huset til høgre for hallen var i 1963 vaktmeisterbustad, dvs. bustadhus til utleige for tilsette ved gymnaset. Dei seinare åra nytta til undervisning, lager etc. Bygget opp for Steinrøysa er Gamlegymnastikken, som var ferdig i 1922 som gymnastikksal for gymnaset, i 2. etasje var der musikkrom. I dag er det frimurarlogen i Volda som eig og har pussa opp bygget. Den store byggsamlinga øvst i bildet er skulebygga som vart teke i bruk i 1963 av Volda gymnas. Kort opprekna finn vi i  langfløya klasseromma, midtfløya på tvers inneheld spesialrom, festsal, og no ominnreia til arbeidsrom for læarane m.m. Den lave fløya til høgre er administrasjonsrom, bibliotek, lærarrom m.m. Dette er ei svært solid og stor bygningsmasse, som dei siste åra er opprusta og ominnreidd m.m. for store summar. Det siste bygget oppe til høgre i bildet er symjehallen til høgskulen, som vart nedlagd for nokre år sidan og er riven i 2022/23
           Fram til 1994 var dei to vidaregåande skulane: Volda vg. skule AF og Volda vg.skule HK, sjølvstendige, men samarbeidande. I 1994 vart dei slått saman til Volda vidaregåande skule, og alle bygga på bildet minus Gamlegymnastikken og Voldahallen er brukte av skulen. Kroppsøvinga foregår no i den nye idrettshallen Volda Campus... Det er nye fag, nye liner og nye læreplanar i den fylkeskommunale skulen i dag.  Elevtalet er godt over 500 i dag, og er ein relativ stor og god vidaregåande skule.  Nemner kort at bygga her var min arbeidsplass, som lærar og rektor, etter rivinga av den gamle handelsskulen, fram til pensjonsalder (1986-1998). Sjå meir om skulen i dag:  https://volda.vgs.no/
           For oss som i 40 år arbeidde med økonomiutdanninga frå 50-talet, var det med stor skuffelse at økonomifaga meir og meir forsvant ut av fagkrinsane i den vidaregåande skulen. Då HK-skulen vart "nedlagd" var det ein populær skule med god søknad, som hos oss årleg hadde over 200 gode elevar.  Politikarar og byråkratar var flinke til å presse inn i skulen fleire og andre fag enn økonomifaga, slik at i dag er det berre dropar att av "våre" fag. Noko vi meiner er feil: Alle er i dag kanskje enno meir enn før omgitt av og involverte i økonomi, renter, prisar, reklame, kronetal, banktenester, kontrakter, privatøkonomi etc.etc. heile livet. Dette burde framleis ha vore ei grunnutdanning, som no elevane av og til berre får med innleigde politi- og bankfolk i nokre timars kurs. Økonomifag var før i tida fag i framhaldsskulen, realskulen og andre skular, det burde vere klart at det er mykje større behov for ei viss innsikt i økonomi i den nye tida. Og slik også få litt meir kontakt med og innsikt i det praktiske livet, skulen er altfor teoretisk i dag. Økonomiskulane var før mykje meir knytta til arbeidslivet generelt enn skulane er i dag. Ikkje minst burde det vere rom for undervisning i personleg økonomi, noko som ofte blir etterlyst av mange 
     

KYRKJA

Kyrkja inne Kyrkje
Volda kyrkje frå 1932 har eit vakkert og særprega kyrkjerom. Då kyrkja er bygd i stein, kvelvingen og forma inne skaper det ein svært god klang for musikk og sang i kyrkja. Rommet er stort, 800 sitjeplassar har kyrkja, og er som sagt framifrå også til konsertar og liveopptak. Denne kvelden på bildet hadde musikklina ved Volda vg. skule sin tradisjonelle novemberkonsert. Her er det store koret i aksjon i ei stappfull kyrkje. Som var pynta av yngre skuleelevar. På bildet skimtar vi det flotte store freskobildet på endeveggen av Hugo Lous Mohr. Dette er eit bilde som lenge var Noregs største av sitt slag, og som alle i kyrkja ofte fester blikket  på og beundrar Då den eldre trekyrkja brann ned i 1929, vart arbeidet med  reising av ei ny kyrkje sett i gang nokså raskt. Og i 1932 stod denne prektige kyrkja klar til bruk. Materialet til kyrkja vart naturleg nok valt etter tidlegare erfaringar. Denne kyrkja er bygt av betong og sementstein, og teikna av Arnstein Arneberg, arkitekten som også teikna Oslo Rådhus. Kyrkja er vakker og eit monumentalt bygg i sentrum av Volda, ikkje langt frå sjølina. Voldingane er glade i kyrkja si, som er mykje i bruk

MEIR OM VOLDA

I denne omgang tek eg ikkje med meir om Volda, det er enno mange felt både innan arbeidsliv, kultur, friluftsliv, idrett m.m. som burde ha vore nemnt. Den nye og større Volda kommune er rik på innhald. Men tid og plassmangel set ei grense for skrivinga, som kanskje kan førast vidare med tid og stunder. Og det er slik i dag, det aller meste er råd til å finne på nettet, og då kan nokre nettadresser påførast sida mi etterkvart

Volda.kommune      Volda sjukehus      Lokalavisa Møre      Høgskulen i Volda     Volda vg. skule     Volda