Norddal prestegard            

                                           6214 Norddal på Sunnmøre    
 
Kulturtun Fakta om paktarhuset | Folket | Sætra | ForsideKyrkja                   

     (Ved Arne Nydal)                                                                     

   

 

 

 

 

 

 

 

Norddal prestegard ligg fritt og fint på den store terasseflata skapt av bresmelstinga, 2,5 km frå sjøen

              
Norddal kommune er samansett av 5 bygdelag inst i Storfjorden, Sunnmøre.  Ei  av bygdene er Norddal der vi finn Norddal prestegard. Garden er hovudgarden i grenda Innset (Engeset) som ligg 2,5 km frå sjøen der kyrkja ligg. Grenda er omgitt av høge fjell, men prestegarden ligg på ei relativ stor flate som er bygt opp av bresmeltinga  etter istidene, frå to dalføre, Herdalen og Dyrdalen. 
          Engeset gard (prestegarden) går tilbake til mellomalderen. Først på 1600-talet var det Ørskog-presten som åtte garden. I 1690 vart han prestebolgods og i mai 1694 vart Engeset gard kjøpt til prestegard (Kongeleg vedtak i København). Det tok gjerne litt tid før garden var busett av prestefamiliar. Presten Brandal flytte frå Sylte (Valldal) til Relling i Norddal i 1670 og budde truleg der til han døydde i 1706. Kanskje var det kappellan Harboe som var den fyrste som budde på den nye prestegarden, han omkom i eit snøskred i Sunnylvsfjorden. Prestegardane var ikkje alltid fast bustad for prestefamiliane, men fyrst og fremst ei inntektskilde for dei.
          Norddalsbygdene saman med Geiranger og Sunnylven vart eige prestegjeld i 1673, etter 1861 berre Norddalsbygdene. Frå 1700 og fram til slutten av 1990-åra,  i over 300 år,  har garden vore prestegard og bustad for  ei lang rekke av  prestefamiliar.  Frå 1999 har presten i prestegjeldet budd i Valldal. Men enno er garden oppfatta som prestegard i og med at staten/kyrkja er eigar. Opplysningsvesenets fond på vegne av staten/kyrkja har selt ut deler av garden. M.a. eig kommunen no 4 dekar av tunet inkludert låven og paktarhuset. I eit område  som før var nytta til utmarksslått og beite er eit hyttefelt i emning. Fram til 1955 var prestane ansvarlege for gardsdrifta og hadde denne som inntektskjelde, som regel gjennom paktarar. Frå 1955 vart prestane lønsmottakarar og drifta av prestegardane endra seg. Presten Karl Øygard dreiv sjølv garden etter at siste paktaren reiste, ca. 1948-1955. Etter den tid har jorda vore bortpakta til naboar utan  fastbuanda paktar med dyr på garden.  Sjølve tunet er fråflytta, men blir brukt som eit "bygdetun" i ulike samanhengar. Det  budde jamnt over eit 20-tals personar berre i dette tunet, prestefamilie og paktarfamilie med tenestefolk. Med folket som budde på dei omliggande gardane som er utskilde frå prestegarden,  kunne  folketalet vere 50 - 60 i denne vesle grenda - Innset. I dag bur berre  5-6 menneske her  fast, men  med auke i folketalet i ferie- og fritidene då det også er komne fleire hytter til. 
 

 

          
                                         Eit kulturtun med historiesus

       
     Tunområdet med sine bygningar er eit framifrå utgangspunkt for å utvikle eit permanent bygdetun. Historia har skapt eit kulturtun som det kan vere all grunn til at bygda gjer seg enno meir nytte av. På garden har det vore fleire generasjonar med bygningar. I dag finn vi tre hus av ulik alder. På biletet  øverst ser vi låven som var ferdig i 1878 etter at den gamle bles til pinneved. Låvebygningen har behov for vedlikehald. Hovudhuset til høgre vart ferdig i 1905, og var bustad for prestar og familie i bortimot 100 år. Huset er godt vedlikehalde og buande.
           Det eldste huset på garden er paktarhuset (eller borgstova) som vi ser nede til høgre. Vi kjenner ikkje det eksakte byggeåret for borgstova, men Riksantikvaren meiner at huset var sett opp kring 1700, kanskje alt på 1600-talet. Biletet  viser det over 300 år gammalt bygget, som enno er i brukbar stand, og som blir nytta til ulike arrangement den dag i dag.   Huset hadde ei påbygning mot aust (til høgre) som vart kalla Thaulow- delen som var "bispekammer og kledeskammer". Denne delen vart riven etter at nybygget kom og selt  og oppsett som ungdomshus nede i bygda. Det tredje  gamle bygget er det raudmåla stabburet. Riksantikvaren skriv at stabburet, som er eit vingestabbur, truleg er flytta frå Sylte og kan også vere bygd på 1600-talet. Bygningane på  Norddal prestegard har stått på lista over statens fredingsverdige bygningar sidan 1920-åra. Men fyrst i 1991 vart tre av husa på garden freda: Paktarhuset, stabburet og hovudhuset.  Men Norddal kommune anbefalte fredinga under klar føresetnad av  tilstrekkeleg med midlar til vedlikehald. Det står att å sjå korleis vedlikehaldet av desse "bevaringsverdige" bygningane blir utført.  I 200 år var "paktarhuset" heimen for mange prestefamiliar, i 50 år deretter for paktarfamiliane. Bak dagens ro og stille i gardstunet har vi ei lang kulturhistorie som enno kan merkast i jord og bygningar.


LITT OM FOLKA SOM LEVDE HER
     
Havet gjekk fram til Innset  før landet heva seg etter issmeltinga for 10000 år sidan. Ein kan godt tenkje seg at her kunne den fyrste busetnaden i bygda ha vore. Mellom sjøen og iskanten  slo kanskje nomadeveidarar etter villreinen i fjella seg ned. Eller kanskje var det jegerar og fiskarar frå den tettare befolka kyststripa som fyrst kom hit for nokre tusen år sidan? Det veit vi ikkje, men det er gjort steinalderfunn og  vi har sikre kjelder på at denne garden er ein middelaldergard. Berre fantasien kan fortelje oss om det liv og røre som har funne stad her gjennom tusenåra.
            I dei siste 300 åra,  når garden var prestegard, har folk kome til, levd sine liv, nokre har endt sine dagar her, andre har fare vidare.. Preste- og paktarfamiliane bodde her i ulik lengde. Svært mange av dei tidlegaste prestane  hadde ei tenestetid på 15-20 år før dei reiste til nye kall. Mange bodde  her 5-7 år, dette var gjerne mønsteret med dei seinare prestane.  8 prestar var her heilt til dei døydde Barneflokkane var ofte store  før i tida , og difor er det eit stort antal menneske  som har levd i dette tunet.  30-40 prestar og kapellanar har hatt kortare eller lengre opphald på garden. Saman med familie, tenestefolk og gjestar er det mange hundre menneske som har levd og arbeidd på prestegarden. I tunet bodde også paktarfamiliane, både prestane og paktarane hadde  teneste- og arbeidsfolk. Og til prestegarden kom det gjerne gjestar.  Det er rart å tenkje på den endring som har skjedd gjennom historia. Frå liv og røre i hus, på tun og på markene i hundrevis av år, ja kanskje i tusener av år, til i dag med ubebodde hus og nesten folketomme tun og marker. Ein har ikkje full oversikt over butilhøva til alle prestar og kapellanar då prestar var eigarar av andre gardar, m.a. Relling og Dale.
            Det er lett å forstå at prestegarden har sett sitt preg på omlandet i desse 300 åra. Hit kom folk med høg utdanning frå alle kantar av landet og frå andre miljø. Prestefamiliane deltok med varierande grad i det sosiale livet, men prestane var ofte føregangsmenn både kulturelt, i jordbruk og i bygde-utvikling. Mange av prestane skreiv mykje, både bøker og i blad. To av prestane vart biskopar, Nils Astrup i Nidaros og Jakob Christian Petersen i Stavanger. Det vil føre for langt her å omtale meir folka i prestegarden, men  eg gir nokre eksempel :
  • Kapellan Knut Pedersen Harboe vart den fyrste  presten som budde på Norddal prestegard på Innset. Han omkom i eit snøskred på Sunnylvsfjorden i 1700
  • Cristopher Tanche ( 1717-1727) hadde stutteri, dvs. oppdrett og samling av hestar, dette var sjeldan og tidleg
  • Nils Bugge (1736-37) var den fyrste som tok til å føre kyrkjebøker. Han hadde gått Wittenberg- skulen "og kunne binde Satan"  
  • Otto Finde Astrup (1745-1771) var saman med Hans Reutz på Rellingen den fyrste som dyrka poteter i Norddal  - og kanskje i Norge? 
  • Ludolph Krohn (1765-1785) la ned grunnsteinen til den nye kyrkja, ferdig i 1782. Han kjøpte garden Dale (Ivergarden)
  • Rasmus Andreas Rolland (1852-1862) tok seg særs mykje av skulestellet
  • Nils Astrup (1879-1983) deltok svært aktivt i jordbruket og jakta. Han skreiv mykje, m.a. eit stort dikt om Norddal. Han vart den fyrste misjonæren i Afrika etter Hans Egede, og vart seinare biskop i Nidaros 
  • Sigholt Leonard Næss (1899-1904) var ein  avhalden prest, særleg mellom ungdomen. Han starta saman med kona Elise Ungdomslaget "Dag" i 1899 som det fyrste frilynde laget i kommunen. Han opna prestestova for lagsmøte og festar. Han var den fyrste presten som bruka nynorsk, og var elles ein ivrig skribent. 
  • Axel Bruun (1910-1917) var den einaste ugifte presten som har budd i prestegarden. Han ætta frå biskop Johan Nordahl Bruun som hadde oldeforeldre  frå Norddal (Tverafjellet) og Lingås, Valldal.
  • Mellom  1900 og 1948 var paktarane som budde på garden og som styrte gardsdrifta, stabile  med relativt  lange tenestetider. Oline og Ole Tomas Kaldhussæter var der i 16 år,  Aslaug og Jonas Hatlestad i 14 år. 
  • John Ofstad (1929-1940) var spesielt idrottsinteressert. Han hadde vore både skihoppar, og på B-landslaget i fotball. Han var særs aktiv som trenar og deltakar i idrottsmiljøet  i bygda.
  • Karl Øygard (1940-1970) var presten som budde lengst på prestegarden på Innset. I 30 år budde han og familien her og vart særs godt kjend med folk og landskap  i alle Norddals-bygdene. Han er den einaste presten som dreiv garden åleine utan hjelp av paktar (1948-1955). Etter 1955 har jorda vore bortleigd til naboar.   
  • Siste presten som budde i Norddal prestegard var Øyvind Hansen. Kjell Ueland (tilsett 1999-2003). var den fyrste presten som var busett i Valldal. Etter 1999 bor prestane der. Ei  300 år gammal  busetnad- og kulturhistorie er forbi,  - og ein del av kyrkjehistoria.  

 Hans Strøm var kapellan i Borgund. Kring 1756 tok han systematisk til å samle inn opplysningar på fleire reiser på Sunnmøre. Dette samlararbeidet  resulterte i fleire bøker som i dag gir oss svært interessante opplysningar om Sunnmøre - og også om Norddalsbygdene og Norddal prestegard med omland. I 1756 skreiv han m.a.:

 
Øverst op i Dalen ligger Præstegden Engesæth, skiønt Relling er den rette præstegd, den ligger  meget smuckt til som en Skandse paa en høy Vold med en liden Dal nedenfor hvor gaarden  Dalhuus  ligger,....       .
  ........ især Præstegaarden   Engesæt , som den øverste, der har en ypperlig  Udsigt, saavel over heele  Dalen, som hen til  Fiorden.

   

         

 Kyrkja:


Nils Astrup
1879-1883



Leonard Næss
1899-1904


Axel Bruun
1910-1917


Andrea og Karl Øygard
1940-1970

 

Norddal kyrkje er frå 1782 og har fin plassering ved fjorden. Kyrkja står på same staden som stavkyrkja frå 1620.  Kyrkja er restaurert innvendig, har mange gamle gjenstandar og er vel verdt eit besøk.
Mellom kyrkja og den gamle prestegarden er det 2,5 km. I dag er det lett å fare i mellom med bil. Før  var det beina, hesteskyss og seinare motorsykkel ein måtte ty til. Prestane slutta å bruke prestegarden i 1999 og bur no i Valldal. I 300 år høyrde kyrkje og gard saman. Sjølv om kommunikasjonane betra seg, vart garden likevel fråflytta.


PAKTARHUSET
Ei kommunal nemnd er oppretta for å kome med forslag til korleis dette bygget kan brukast og kome folket i bygd og kommune best til nytte.  Dette huset har ei heilt spesiell  historie, og status, og det er bra at ein endeleg kjem i gang med arbeid for å finne ut korleis ein kan nytte denne kulturperla betre enn som har vore tilfelle til no. I altfor mange år har huset, og tunet, stått  tomt og aude. Huset ligg fint plassert på desse gamle tuftene, både med si flotte plassering i landskapet og på grunn av si lange og spesielle historie.   

 

  Paktarhuset  sett frå vest med deler av tunet som blir  brukt til   utearrangement, t.d. på Midtsommardagane      
     
   

I desse gamle husa har mange trøtt golva og levt gode og mindre gode dagar som andre. Prestefamiliane vart ofte store, dei kom utanfrå frå andre miljø, og dei hadde ofte gjestar både frå inn- og utland. Det er lett å forstå at folk i dette tunet sette sitt preg på omlandet. Prestane var ofte foregangsmenn for distriktet både sosialt, kulturelt, i jordbruket  og i bygdeutvikling generelt. T.d. var presten Otto Astrup ein av "potetprestane"  og var svært tidleg ute med potetdyrking, ja så tidleg at det blir stilt spørsmål ved om dette kunne vere den aller fyrste potetdyrkinga i landet.
      Ikkje alle prestane deltok like aktivt i det sosiale livet. Men Karl Øygard som budde i dette tunet i 30 år var saman med familien ein god og integrert del av bygdene.
      Ein annan som sette spor etter seg og som blir omtalt med ekstra glede og respekt er presten Sighollt Leonhard Næss.  Han og kona Elisa kom til "paktarhuset"  ovanfor i 1899 og var der til 1904. Folketeljinga viser at i år 1900 budde 14 personar fast i huset, av dette 6 tenestefolk. Næss var ein stillfarande og venesæl prest. Han likte praktisk arbeid og hadde godhug for sport og friluftsliv. Dei litterære interessene var sterke, og han skreiv salmar og mykje i blad og aviser. Han var den fyrste presten som nytta nynorsk og omsette store deler av Bibelen frå hebraisk til nynorsk.           
      Leonhard og Elise hadde eit varmt hjarte for ungdommen og sette snøgt i gang kulturkveldar i prestestova som vi ser til venstre for inngangen. Anders Skrede skreiv fylgjande i ein 

 

 

 


      Paktarhuset  mot aust der Thaulow-delen stod til 1905

 

artikkel til Næss sin 70-årsdag:
    Ungdomsrørsla har han og vore oppglødd for, og i   
Norddalen hadde han eit utifraa godt ungdomslag som  hadde møta sine paa prestegarden; heimen hans var som ein folkehøgskule for bygdeungdomen."
    
I prestegardsstova på Innset vart ungdomslaget Dag skipa i 1899 og vart innmeldt i Sunnmøre frilynde ungdomslag.
     Til 25-årsjubileet i 1924 skriv Ole O. Yttredal (Buda-Ole) eit svært interessant innlegg i lagsbladet Torvløysa med minne frå starten av laget. M.a. var det ikkje sjølvsagt at eit frilyndt  ungdomslag kunne startast, det var til dels stor motstand mot det. Men det vart tillyst møte straks etter at den nye prestefamilien var komen og ungdomen var svært spente på korleis dette ville gå. "Me augna snart ikkje vona til fånyttes," skriv Ole. Og snart vart laget skipa til av presten og frua hans. Dei let opp stova si til møte og songlag. Der var stolar og benkar kring alle veggar i største romet som var ope til ei kvar tid for samkomer. Og ungdommen gledde seg som til høgtid når sundagskvelden kom med møte i den opplyste prestestova. Møta inneheldt mykje song og musikk med prestefrua ved pianoet. Det kunne vere eit foredrag eller forteljing frå presten, som roleg utan fakter sat i ruggestolen, smattande på den halvmeterlange pipa si og med tobakksrøyken svivande mot taket. Klokkaren bidrog også med forteljingar og ofte var der tilreisande foredragshaldarar. Kor stor pris ungdomen sette på tida i ungdomslaget viser alle telegram og helsingar frå utflytte bygdefolk og andre til 25-årsjubileumet.
      

  

 

 NOKRE  FAKTA  OM  "PAKTARHUSET" (BORGSTUEN)
  • Engeset gard, som seinare vart prestegard, er  ein gammal gard. Heilt sikkert frå mellomalderen, men truleg enno eldre. Garden ligg over den marine grense og busetninga i dette området kan vere mange tusen år. Engeset vart prestegard i 1694, og truleg vart det starta bygging av prestebustad nokså fort.
  • Riksantikvaren trur "borgstuen" er bygt kring 1700
  • Huset var opprinneleg om lag dobbel så langt som det vi ser. Den delen som vart kalla Thaulow-delen, som m.a. var "bispekammer og kledeskammer", vart bygt seinare enn det huset vi ser. Det vart rive kring 1905 og sett opp som ungdomshus nede i bygda.
  • Paktarhuset (Borgstuen)  vart bygt som prestebustad, den fyrste som bodde på Innset var truleg kapellan Knut Pedersen Harboe som omkom på Sunnylvsfjorden i 1700. Så budde der prestefamiliar  fram til 1905 då det nye prestehuset stod ferdig. 
  • Frå 1905 vart Borgstuen brukt som forpaktarbustad fram til 1950 om lag. Difor blir huset i dag kalla paktarhuset.
  • I 200 år var det lange huset  heimen til ei lang rekke med prestefamiliar, i 50 år var det korte huset vi ser på bilete heimen til paktarfamiliane.   
  • Presten Jakob Petersen er nok den siste presten som budde i den gamle prestebustaden og som fekk flytte inn i den nye i 1905.
  •  Sidan 1950 har paktarhuset vore brukt til ulike aktivitetar, som: kursstad, skule, feriebustad og ulike kulturaktivitetar. Men det meste av tida har huset stått tomt i 50 år.
  • I 1991 vart paktarhuset saman med stabbur og den nye prestebustaden freda av Riksantikvaren
  • Norddal kommune kjøpte i 1997 paktarhuset, låven og 4 mål av tunet av Opplysningsvesenets fond.
  • Engeset gard opphøyrde som prestebustad i 1999. Etter 300 samanhengande år slutta denne kulturhistoria som betydde så mykje for grenda og bygda Norddal. No blir det spennande om ein maktar å skrive ny historie i dette gamle kulturtunet.