Balladen om Buda 
          Alv Dale var oppvaksen i Norddal. Han utdanna seg til fotograf og dreiv eiga fotoforretning i Ålesund. Han var ein mykje søkt fotograf, og er rekna for å vere den fyrste reklamefotografen på Sunnmøre. Alv var også ein kunstnar, flink til å male, teikne og skrive, noko som burde vore enno meir kjent. Han var også ein trufast ven av heimbygda og Herdalen. Noko som han m.a. skildra i aviser og på andre måtar. Gode prologar og anna skriftleg arbeid kunne nyttast i mange situasjonar.
        Eit verk av han som tek miljø og kultur på kornet er "Balladen om Buda". Heilt fram til den nye tida hadde alle bygder ei eller fleire landhandlar, krambuder - og som på lokalspråket vart kalla bud. Norddal hadde i mange tiår slike buder, dvs.  små varehus med alle slags varer. To slike var Jakopbuda og Olebuda. Desse var svært sentrale og viktige i bygdesamfunnet. Alv laga ei 11-vers lang skildring av ei bud, med Ole-Buda som modell. Her gir eg att eit lite utdrag av den gode Balladen om Buda. Alv Dale sitt fotomateriell er tileigna Sunnmøre Museum, og ein reknar med at etter ei digitalisering er foto tilgjengeleg i nettet  
Alv
                                          

                                                                                                                                                               
                                                                                                                                                                             Alv Dale, f.1917..
      Balladen Berte
            
               Buda-Berte   Buda-Ole
   

      Berte Fagervoll   (1887-1973)
      Ole Ols. Yttredal (1871-1952)
  
      Desse dreiv og budde i Ole-
      Budahuset heile livet saman  
      med 3 barn, og var kjende og
      sentrale mellom folket i Norddal.
      Til landhandelen høyrde også
      hus og naust ved sjøen, med
      heis frå 2. etasje.
      Drifta tok slutt rundt 1950