"MED OG UTAN KORTEBUKSE"
Bok som i tekst og foto fortel litt om oppvekst i ei mindre fjordbygd på Sunnmøre  i 1940-60 åra. Ei tid og eit liv som var heilt annleis enn i dag. Livet under krigen og første åra etter var prega av sparsemd og mange tunge stunder. Men det var likevel ikkje fysisk naud korkje på mat eller klede, og i ettertid blir det lagt eit slør over dei vonde minna. Med freden kom det optimisme og stor framgang på mangt. Det var ein god oppvekst med eit frilufts- og idrottsliv, med arbeid og plikter og med eit sosialt kameratskap som eg trur prega oss resten av livet.  Tiåra etter krigen var overgangstida frå det tradisjonelle arbeidslivet på bygdene til utdanningssamfunnet, og til andre levemåtar.

Boka omhandlar mange tema og går ikkje så djupt inn på kvart. Men skilivet har fått nokre ekstra sider då dette kom til å prege ungdomsflokken i mange år i form av slalåm, dvs. alpin konkurranseidrott, men og med eit skiliv til fjells og på turar.  Eg har fått med nokså mange foto då desse er gode historieforteljarar. Innhaldet i boka tek utgangspunkt i grenda Innset som er den gamle prestegarden med bruka ikring. Og sjølvsagt heimegarden som kan stå som eit eksempel på dei tusenvis av småbruk landet hadde i alle år fram til 60-åra då mekaniseringa og endringa av jordbruket skaut fart. Eg viser elles til innhaldslista, og vil redigere og plusse på denne sida etter kvart.
Boka er på 240 sider og inneld tekstar og  ca. 400 foto, og er trykt med stivperm.  
                                                                                                                                                       
Bokomtalar og kjøp                        
                                                                          
 
Omtale 1
 
Sumpen