NORDDAL  IDROTTSLAG - eit viktig begrep i bygdehistoria
         
MEDIAINNBLIKK    SALTOMEISTER    HISTORIE    TILBAKEBLIKK    ARKIV


Norddal idrottslag som vart starta i 1930 hadde sin gullalder etter krigen. Spesielt var vinteridrotten viktig med både langrenn, hopp og alpint. Men spesielt var alpinaktiviteten viktig, dette var slalåm, storslalåm og utfor. Laget hadde på det meste 20-30 aktive både kvinnlege og mannlege alpinistar. Medlemmane deltok  i renn lokalt, på fylkesplan, men også i nasjonale renn som NM og andre med gode resultat. Laget arbeidde fram fleire løyper i bygda som var mykje brukte fram til 70-åra då aktiviteten minka pga. utflytting m.m.
    Eg har laga ei billedbok på 74 sider med glimt frå ei flott tid med mange fine konkurransar og sosialt samver med skifolk i mange samanhengar. Der også miljø på turar i nærmiljø og anna er med. Boka er ikkje trykt for sal lenger, men er å finne mellom nokre "gamle" og gode skikameratar. Åra gårog denne boka vart trykt i nokre ekemplar i 2011, m.a. fekk idrettslaget bok. Men sidan boka fekk så mange sider er prisen i 2024 enno stivare, så nytt trykk vert truleg ikkje aktuelt. Sjølv om ho ligg arkivert på datafil framleis.
 
Jon Jon Reidar, sjølve grunnpilaren i alpinsporten i idrettslaget, døydde i august 2021, 96 år gammal. Ein kjent og akta person i skimiljøet i vide kretsar. Ikkje berre var han aktiv på ski, men også innan hjelpekorpsarbeidet i Røde Kors brukte han mykje av tida si. I fleire 10-år i etterkrigstida var Jon R. med oss og andre skikameratar, på skirenn, på kurs eller i skiadministrasjon. Glad i fjell og turlivet, i Herdalsområdet og elles i alle aktivitetar i heimbygda Norddal. Vi vil takke for samveret og alle gode minner -  Takk for laget Jon ! Nilbok

 
                                                                                                                             
Forsida av fotoboka som er omtala over. Bokfila er enno inntakt, men då prisen på denne boka blir svært høg ved nye bestillingar, blir det nok uaktuelt å tinge meir. Boka er ei bildebok, stor og med god trykk-kvalitet, så vi lyt prøve å få eit innsyn hos gode vener

(FRÅ AVISINNLEGG I STORFJORDNYTT 3. juni 2011)

 

                                                                                                                                                                                                  Salto
                                                                           

Salto

    Magne i ein av sine fenomenale saltoar, sjølve kjennemerket
    på NIL si skihistorie 
 


Glimt frå NIL-historia

Arne S     Lars S        NILmerke Skihytta 1
Syskenbarna Arne og Lars Storås var sentrale ved  oppstarten av,   og den fyrste tida, i idrettslaget.  Lars var 1. formann etter starten av laget i 1930. Og var i mange år ein aktiv deltakar i fleire idrettsgreiner. Arne var formann i laget under heile  krigen og seinare , og elles alltid med  seinare.  Begge budde sentralt, og ved Kyrkjemyra, der mykje av aktiviteten den fyrste tida gjekk
føre seg.
    Den fine NIL-logoen er utforma av ein av dei tidlegare sentrale medlemane i laget;  Jon Reidar Dale
Like etter krigen, rundt 1950 starta bygginga av den populære skihytta til NIL. Her er vi i 1953, den fyrste delen er ferdig, men utan bordkledninga, slik at vi ser dei kraftige tømmerveggane. Som er røykstova som vart teka ned i Jørengarden i Dale. Frakta opp hit på Selhaugen ovanfor Rellingsætra. Og sett opp på dugnad av idrettslaget og bygdefolket. Seinare (1956) kom soveromsdelen. Dette har vore ei utruleg populær og nyttig hytte, til idrettsarbeid, men og som sosial møteplass. Hytta er velstelt og like fin i dag, i 2024

TILBAKEBLIKK

Som eit førebels tilbakeblikk kan nokre litt dårlege avisutklipp vere ei lita hjelp. Skal ein gi eit meir seriøst tilbakeblikk av den gode historia til NIL, må det leggast meir arbeid i saka. Det kan kanskje kome etterkvart. Det burde vore laga ei bok om denne historia for einkvan med initiativ. Vi er forresten ei lita veterangruppe i laget som så smått har teke til å samle stoff og bilde til det som kan bli ei hundreårsbok. Det sitjande styre har stilt seg velviljuge til saka, men lenger enn det er det ikkje kome (april 2024)           

Formenn

Tilbakeblikk  Blaa
            ....................................................................................................................................................................................................................................................
 ARKIV  Nilkam....... til fjells med ski og ryggsekk på skuldrane er historisk
            Denne sida er ikkje eit off. arkiv for Norddal idrettslag. Staden her blir brukt under førebuinga av ei ønska 100-års bok om    historia til laget. Stoffet er fyrst og fremst tiltenkt dei som vi med eit lite smil har kalla NIL-kameratane. Det er alle dei  eldste medlemane i idrottslaget, og som har eit sterkt ynskje om at historia til det vesle, men likevel kjende idrettslaget blir teke vare     på. Stoffet på denne sida  er berre vanlege referat frå styre- og lagsarbeidet, som elles er opne for folk på vanleg måte. Dessutan kan vi legge inn resultat av bokarbeidet, meldingar og tilvisingar til aktuelle opplysningar. Vi ber om vanleg respekt i bruken av stoffet, som vil skifte over tid
 
  Styreref.
NIL 1930-35.pdf        NIL 1986-87.pdf        NIL 1987-89.pdf        NIL 1990-92.pdf


NIL-formenn, styra.pdf (under oppsetjing)