VERDSARV  -  NATURARV
Geirangerfjorden og Nærøyfjorden med omland kom i juli 2005 på Unesco si liste over verda sine
viktigaste kultur- og naturverdiar (World Heritage List). Storfjorden på Sunnmøre endar i fleire
fjordar, m.a. Geirangerfjorden og Tafjorden. Heile dette området er  noko av det flottaste av det vestnorske
fjordlandskapet, eit landskap som er utpeika som det beste turistmålet vi har i landet.
        Blanke fjordar som er omkransa av steile bergsider  opp til 1800 m.o.h. Talrike fossefall og varierande
vegetasjon med spor etter gammal busetnad. Vi finn frodige og fruktbare bygd- og fjelldalar, dalar som isen
dramatisk har skapt gjennom historia. Bak dalane finn vi varierte fjellområde med fjellvatn innover mot
innlandet. Her er gammalis og fleire kulturminne, m.a. spor etter ei aktiv veiding etter villrein og etter andre
utmarksaktivitetar, som slått, sæterdrift og fiske. Fjellområde og kulturlandskap er no sikra av Stortinget 
(Geiranger - Herdal landskapsvernområde). 
        Folketalet i desse fjordområda har gått tilbake siste åra, mest på grunn av mangel på sysselsetting.
Men sjølv om dei gamle drifts- og livsformene har gått sterkt tilbake, finn vi enno landbruk, og også 
sæterliv i drift (Herdalssætra). Verdsarvutnemninga krev at landskap og næringsliv blir halde i hevd. Utnemninga  kan 
bli ei hjelp til å oppretthalde busetjinga i dette gamle området. Omgrepet geoturisme er lansert. Dette er
turisme som gjer seg bruk av det lokalsamfunnet har å by på: natur, kultur, miljø, eigenutvikla  produkt.
Men sjølv om turismen kan få eit oppsving etter verdsarvutnemninga, vil det vere behov for politisk hjelp slik 
at folket i desse bygdene kan makte å livberge seg,  halde kulturlandskapet vedlike og oppretthalde busetjinga.    

 
UNESCO VERDENSARV       LOKAL VERDSARV       BRUDEFERD       FJORDNATUR


Også landskapet og deler av bygdene kring Geirangerfjorden med Dyrdalen  og Herdalen er rekna inn under verdsarvområdet. Grensene  for verdsarv-området er markert med blå strek, og er identisk med Landskapsvern-området.  Tettare bebyggelse og område med anleggsutbygging ligg utanfor sjølve verdsarvområdet (Eidsdal, Norddal, Hellesylt, Tafjordfjella). Også  andre sida av Storfjorden ligg utanfor området

Verdsarvgrenser
    
     

     

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Verdsarv

   Kopartavle som er plassert fleire stader innanfor  
   verdsarvområdet. Mellom anna  på Innsetsæra i
   Norddal

     
    MEIR OM FJORDLANDSKAPET    
    PÅ INDRE SUNNMØRE:

 -  Verdsarv 
 -  Geiranger
 -  The happy end - Norddal
 -  Herdalssætra
 -  Dyrdalen
 -  Norsk Fjordsenter
 -  Storfjordens venner
 -  Valldal Naturopplev.
 -  Petrines Gjestgiveri
 -  Strandafjellet
 -  Storfjorden

 -  Norddal
Under feiringa av at  fjellområda og sætredalar mellom Geiranger og Norddal/Eidsdal kom med på verdsarvlista, vart "brudefylgjet" rodd på ein grønblank fjord frå Eidsdal til kyrkjeplassen i Norddal. 
Med spelemann i gammal båt -----   som i gamle dagar