Eldre foto frå NORDDAL
![]() |
![]() |
Eit glimt frå dei glade etterkrigsåra. Det er påske 1960, i starten var det for lite snø til påske på ski, det vart køyrt med bil heilt til Herdalsvatnet. Difor brukte ein støvlar. Men det kom ein skosnøsomvi ser. Denne gjengen er på veg tilbygds att etter nokre påskedagar på Herdalssætra. Der vart det også brukt instrument. På retur tok dei ein tur rett over Herdalsvatnet, for å halde ein liten konsert på moro for hyttefolket i Furhaugen. Slik var dette, litt moro høyrde til i kulturmiljøet. Foto: Magne Engeseth | I mangel av betre bilde, kan vi bruke dette. Det kan vere eit sjelden bilde av Gamle Dalhus. Tunet låg i Dalhusbakkane like framanfor huset til Lars Magnar Ytredal. Det skulle vere 11 bygningar her. Som i 1911 brann ned til grunnen. Det var m.a. heimen til Nils på dampa (Nils E. Grønningsæter) som var ordførar i Norddal kommune i 36 år, og nesten like lenge var han oppmann (dvs. fylkesordførar) i Møre og Romsdal. Han hadde elles fleire verv, var mykje ute og reiste, difor kallenamnet. Det blir sagt at svært mange off.papir kom bort i brannen (kanskje meir oppl. etterkvart) |
(Her kjem meir...kanskje?)