DIVERSE  FOTO  OG  ANNA  

Her vil eg etterkvart legge inn aktuelle bilete. Det kan vere lokal-/kulturhistorie
og elles bilete frå geografi, natur og folk.  

   DIVERSE      GAMLE  FOTO    
  NOEN 10-ÅR SIDEN       MATSLALÅM       FOTTUR 1943
  DALEBØ       FOTO NORDDAL      FOTO HORNINDAL

Dyrdalsfoss
Dyrdalsfossen i Norddal er ein flott foss som renn ope og fritt heile året.  Fossen er å sjå om lag  2,5 km frå fjorden. Han har jamn vassføring då han har sitt utspring frå isbreane i Dyrdalsfjella. I vårløysinga og i kraftig regnver kan fossen vere dramatisk st
or og vill                                   Foto:  Arne Nydal
                                                                                           































 

 

 

 

 

GAMLE FOTO
Det har stor verdi å ta vare på gamle foto. Bileta fortel oss historie, kanskje meir enn med ord.  Det er fåre for at vi i  dagens flimmersamfunn kan bli litt historielause, og det er ein dårleg tanke. Vi treng røter, og med dagens livsstil har vi godt av opplysningar og lærdom om dei som var her før oss. Livet "før i tida"  var ikkje alltid enkelt, det var oftast eit slitsamt liv der økonomien sette grenser for det daglege tilværet. Men det var likevel mykje moro, og folk hadde tid til eit sosialt liv. Dugnadstiltak  og hjelpsemd  var gode verdiar, og folk måtte lære seg til å klare seg best ein kunne med dei hjelpemiddel ein hadde. Fotoa kan vere eit viktig bidrag til å ta vare på historia.
         Gamle foto har ein tendens til å kome bort, i skuffer og i pappøskjer, og det verste: Kome bort for alltid. Difor bør vi ta eit tak med å ta fram bileta, helst få dei digitaliserte og kopierte slik at dei kan kome slekt og etterkomarar til gode. Det er svært viktig å få vite noko om bileta, få namn og tid nedskrive, og andre gode opplysningar om kvart foto. Dette arbeidet blir ofte for seint då informantane blir eldre og kjem bort etterkvart . Men om det virkar for seint, kan vi likevel heile tida redde bilete og opplysningar. Om bileta er små og av ringe kvalitet, så kan mykje i dag rettast opp med moderne hjelpemiddel.
         Ikkje berre familien vil ha interesse av gamle bilete. Kvart lokalsamfunn, og også storsamfunnet, vil ha nytte av dei. Difor burde flest mogleg gamle foto "publiserast"  i hefte eller bok,  eller kopierast til lokalbiblioteket eller på andre måtar gjerast tilgjengelege for folket. Mange er i gang med det, i bøker og i kommunale og fylkeskommunale arkiv m.m. Men meir burde vore gjort på lokalplanet.
         Under ser vi eksempel på bilde av verdi. Det fortel om folk i arbeid,  om geografi og busetnad

Melchior

Dette er utsnitt av fotograf Kirkhorn sitt store foto av Norddal i 1882,også kalla Dalebø . Frå v. ser vi Ivertunet med nyare hus, som truleg vart sett opp av presten Ludolph Krohn (1765-1785). Løa på den tid står lenger ned mot elva enn no, og heilt til høgre ser vi eldhuset som stod ved vegen frå brua over elva. Til høgre ser vi Melchiortunet med røykstove, løebygning og stabbur. Bruket vart fyrst bygsla frå hovudbruket Dale, men vart eige bruk i 1826. Her vart sett opp nytt hus, når er uvisst, men det huset brann ned i ein storbrann i 1936.
      Vi legg merke til dyrka jord med hesjar bak tuna, elles viser fotoet også kor mykje av området som er udyrka, og ein kan få innrykk av kor uryddig jorda var i denne flate nedste delen av dalen. Dette er gammal havbotn etter landhevinga då isen hadde smelta bort

Diverse frå natur og miljø (klikk for større bilete):

Naustrekke  Blaaber Hytte Dugnad  
Naustrekke og  midtsommardagar  i Norddal. Gamle naust er gammal kultur Hausten er
blåbærtid
Lita hytte i mektig landskap. I Dyrdalen, Norddal,  med Torvløysa på 1851 moh. bak Dugnadsånda har frå gammalt vore svært god i  bygda. Her er bygging av  skihytta på  Rellingssætra

Herberge Baat 
Muring og tetting av ein overnat-tingsplass under ein stein. Dette er eit herberge ved Storvatnet  Under bygging av 
 veg langs Her-  dalsvatnet måtte ein bruke mange
 metodar - og bruke fantasien. Olav og Per M.

Fottur
fott
 

 DyrkRetta til "Erik Jarl"

Matslalåm
Mat