![]() Denne heimesida har mest tema frå sunnmørsbygda Norddal
|
|
Bustaden
min er
VOLDA
-
ein fin bygdeby med høgskule, sjukehus, vidaregåande skule
m.m., med nær flyplass, ny veg til fastlandet i sør (E39), og fine turmulegheiter sommar som vinter. Ei bygd i fin vekst. Volda som bustad i 65 år - Norddal er heimbygda
|
Dialektordbok
I 2012 gav eg ut ei dialektordbok med om lag 4200
ord, som i hovudsak kjem frå Norddal, bygda i Fjord kommune. Men orda er også
kjende i andre bygder, spesielt på indre Sunnmøre. Det er ikkkje berre eldre og
ukjende ord, men også gode dialektord som enno er brukte. Men som heile tida har
lett for å kome bort. Tanken var å avslutte ordbokprosjektet, men det dukka
stadig opp ord og uttrykk i samtalar og elles. Og mange av desse blir noterte,
slik at eg no har integrert mange av desse orda i 2012-utgåva, saman med
korrigeringar. Til kvart ord har eg ei setning på eit tilnærma dialektspråk, som
viser ordet i praktisk bruk. Det kan forklare eit ord betre.
Slik har det då blitt ei ny 2025-utgåve av dialektordboka,
førebels ligg tanken om ny trykking i ro, men dersom det blir nok interesse for
boka, kan
ho kanskje trykkast opp att.
Boka er som sagt under revisjon for oppretting og påfyll. Eg har ny trykking av boka
litt i tankane, men førebels ligg saka som sagt i ro. Viser til litt om boka nedanfor, og
heilt nederst her kan du førebels få gjere oppslag i ho
![]() |
|
| Dialektord i praktisk bruk. Ord frå "Hæ du haurt...." er i bruk på gradstokken, produsert i Ørsta |
![]()
|
ØYDEGARDEN BOTNEN
Halvveges på veg til Herdalssætra i Norddal
passerer vi eit ope dyrkaområde i elles urøyvd natur. Knappe 5 km frå
Storfjorden ser vi på andre sida av elva eit spennande og mystisk gammalt hus. I
mektig natur med høge fjell på alle kantar ligg den gamle øydegarden Botnen.
Naturbildet blir forsterka av to frittfallande høge fossar tett ved, i elvar med
dei målande namna Knøstelva og Smørelva. Den 3. fossen, Dampfossen, buldrar i
elva Herdøla litt lenger framme i den trange dalen. Det er lett for turistar og
andre som fer forbi å feste augo på dette, og bli litt forundra over det som må
vere ein gammal buplass
Historie
Botnagarden er ein gammal gard, opprinneleg husmannsplass, som høyrde til garden
Engeset, som er ein middelaldergard. I 1694 vart Engeset prestegard. Tidlegare
måtte all utmark nyttast til slått, beite og vedhogst for å overleve. Difor vart
Botnen nytta av hovudgarden, og busett av plassefolk og paktarar. I 1896 vart
Botnen til sals, og kjøpt på auksjon for 902 kroner av Karl Elias Nygaard, og vart sjølveige bruk
(bnr. 3)
under Engeseth gard. Botnen ligg 300 moh, er litt solmørk, men her vart det
dyrka det som trongst på ein gard. Garden var då komplett med fleire bygningar;
som stovehus, løe, kvernhus og smie. Berre hovuddelen av bustadhuset står no
att. Det var likevel strevsamt å bu her, og i 1906 flytte Karl Elias og kona
Malene (Ytterdal) med sin 7 born, saman med kårfolket,
frå garden. Sidan har Botnen hatt fleire eigarar og vore driven som gardsdrift
frå bygda. som etterkvart ok slutt. Og i mange tiår har garden vore det ein kalle ein øydegard


Øydegarden Botnen ligg enno open i det skogkledde landskapet, knappe 5 km frå fjorden. Herdalsvegen går like forbi, og frå den ser vi lett Botnahuset på den opne bøen


Botnahuset frå ca. 1800 er no så pass nedbrote at det truleg er lite bevaringsverdig. Planar til restaurering ligg føre, får ein pengar til det, kunne dette bli ein framifrå arena for formidling av levemåte, næringsdrift og kultur. Lett nåeleg innanfor Verdsarvområdet i eit urøyvd og ekte kulturlandskap
Bevaring
I 2019 låg det føre ein god tilstands-og
istandsettingsrapport. Som seier det er i siste liten med bevaring, men
likevel fullt mogleg å få til. Fylkeskonservatoren i MR har uttalt at det
vil ha stor verdi å bevare og setje i stand stovehuset i Botnen, som vil gi
ei rik formidling av bygningsarven og den tradisjonelle bruken av landskapet frå fjorden til setrane øvst i dalen.
Kort grunngjeving for
bevaring:
*
Dette er eit utmarskbruk som
kan
fortelje komande generasjonar om måtar å overleve på i tidlegare tider, om
flinke og
evnerike folk
* Dette er kanskje det einaste eksempelet på ein utmarksgard
innanfor Verdsarvområdet (Geirangerfjordområdet av
Vestnorsk fjordlandskap)
* Dette er ein del av eit nesten urøyvd og ekte natur- og
kulturlandskap som saman med Herdalen er ein av dei mest særprega
seterdalane i fylket
* Botnen kan bli ein framifrå
formidlingsstad til grupper av publikum og skulelevar, og til dei som
ikkje så lett kan nå andre
fjord- og fjellgardar
* Dersom
stovehus blir sett i stand og marka ikring stelt, vil dette gi eit godt bilde av
den tradisjonelle bruken av denne type
landskap
* Botnen er lokal- og kulturhistorie, ein kulturarv det er
vel verdt å ta vare på
SLUTTORD: Teksten ovanfor vart skriven
i 2020. Til i dag (2025) har det ikkje skjedd noko med Botnen. Søknad
om tilskot til
bevaringa vart innsendt, og truleg innvilga, men saka er framleis uløyst. Og
Botnatunet går etter som åra går tilbake til naturen.
Garden har ei tid vore lagt ut for sal
|
(tilbake) Bøker Det hender at folk spør etter bøker og stoff til eit formål. Oversikta nedanfor viser dei bøkene eg har laga og som i hovudsak inneheld lokalhistorie og kulturstoff frå heimbygda Norddal. Men sjølv om dette er mest lokalstoff, vil bøkene også innehalde generelt stoff rundt dei ulike tema. Og fordi dette er frå ei mindre bygd på Sunnmøre, vil bygdelivet vere attkjennande, og slik kanskje vekke minne frå eige miljø. To av bøkene: "Med og utan kortebukse" og "Dunavollskulen i Norddal" kan enno skaffast til ein rimeleg penge, dei andre er utselde, men er å finne i biblioteka. Alle bøkene mine er ferdige, dvs. avslutta. Bortsett frå ei - boka med lokalord og uttrykk, som inneheld tekst som ein liksom aldri blir ferdig med. Innimellom dukkar opp ord som var brukt, og ikkje nedskrivne, og desse saman med finpussing og opprettingar gjer at slikt arbeid blir evig. Etter litt fundering har eg valt å legge ut heile boka Hæ du haurt dæ før, slik at du sjølv kan slå opp ord og anna slik som eg har skrive det ned (Sjå under kapittelet Dialektordbok). Slikt arbeid er ikkje lett å få heilt korrekt, - men det er i alle fall nedskrive. |
|
![]() |
(Tillbake)