DIVERSE  FOTO  OG  ANNA  

Her vil eg etterkvart legge inn aktuelle bilete. Det kan vere lokal-/kulturhistorie
og elles bilete frå geografi og natur.  

 Dyrdalsfossen  |  Skigutar  |  Diverse   |  Skuleklasse  |   Jonsokbrudlaup  
 Fottur i 1943 
Noen 10-år siden  |   Matslalåm  |   Reitslått
































Dyrdalsfossen i Norddal er
ein flott foss som renn ope og
fritt heile året.  Fossen er å sjå om
lag 2,5 km frå fjorden. Han har jamn
vassføring då han har sitt utspring
frå isbreane i Dyrdalsfjella. I vår-
løysinga og i kraftig regnver kan
fossen vere dramatisk st
or og vill.

Foto:  Arne Nydal

 

 

skigutarSkigutar
Klubbrenn i Norddal idr.l. på  Lilleås ca. 1934
Frå venstre:  Ukjent, Emil Grønningsæter, Knut Dalhus, Nils J. Grønningsæter ?, Paul Relling, Arne Storås, Helge Relling, Inge Relling?,  Birger Grønningsæter, Reidar Grønningsæter, Oddmund Yttredal, Egil Relling, Steinar Dale, Ivar Dale?, Bjarne Relling, Georg Lilleås ?

GAMLE FOTO
Det har stor verdi å ta vare på gamle foto. Bileta fortel oss historie, kanskje meir enn med ord.  Det er fåre for at vi i  dagens flimmersamfunn kan bli litt historielause, og det er ein dårleg tanke. Vi treng røter, og med dagens livsstil har vi godt av opplysningar og lærdom om dei som var før oss. Livet "før i tida"  var ikkje alltid enkelt, det var oftast eit slitsamt liv der økonomien sette grenser for det daglege tilværet. Men det var likevel mykje moro, og folk hadde tid til eit sosialt liv. Dugnadstiltak  og hjelpsemd  var gode verdiar, og folk måtte lære seg til å klare seg best ein kunne med dei hjelpemiddel ein hadde. Fotoa kan vere eit viktig bidrag til å ta vare på historia.
         Gamle foto har ein tendens til å kome bort, i skuffer og i pappøskjer, og det verste: Kome bort for alltid. Difor bør vi ta eit tak med å ta fram bileta, helst få dei digitaliserte og kopierte slik at dei kan kome slekt og etterkomarar til gode. Det er svært viktig å få vite noko om bileta, få namn og tid nedskrive, og andre gode opplysningar om kvart foto. Dette arbeidet blir ofte for seint då informantane blir eldre og kjem bort etterkvart . Men om det virkar for seint, kan vi likevel heile tida redde bilete og opplysningar. Om bileta er små og av ringe kvalitet, så kan mykje i dag rettast opp med moderne hjelpemiddel.
         Ikkje berre familien vil ha interesse av gamle bilete. Kvart lokalsamfunn, og også storsamfunnet, vil ha nytte av dei. Difor burde flest mogleg gamle foto "publiserast"  i hefte eller bok,  eller kopierast til lokalbiblioteket eller på andre måtar gjerast tilgjengelege for folket. Mange er i gang med det, i bøker og i kommunale og fylkeskommunale arkiv m.m. Men meir burde vore gjort på lokalplanet.
         Under ser vi ein måte å gjere det på. Oskar Storheim som var lærar på Dunavollskulen i Norddal i 43 år, tok mange klassebilete med kassaapparatet sitt. Her har vi eitt av dei:

ELEVAR  PÅ  DUNAVOLLSKULEN I NORDDAL, SUNNMØRE (1934 eller 1935?)     

1    Aslaug Nystad (g. Øye)
2    Borgny Melchior (g. Relling)    
3    Ingrid Relling  (g. Fausa)                       
4    Petra Dalhus  (g Storås)                        
5    Julie Lunden  (g.Relling)                        
6    Kari Relling  (g. Klubbenes)                   
7    Hanna Hjelle  (g.Relling)                        
8    Nils J. Grønningsæter                            
9    Maria Relling (g.Kolås)                          
10  Borgny Lilleås  (g.Eide)                         
11  Aasmund Dahl                                      
12  Solveig Dahl  (g.Grandal)                      
13  Gyda Relling  (g.Volle)                          
14   ?                                                          
15   ??
16   Petter Dahl  
17   Georg Lilleås
18   Reidar Grønningsæter
19   Oddmund Yttredal 
20   Geirmund Hjelle 
21   Ivar Rødal    
22   Olav Dahl
23   Jon Dale 
24   Andreas Relling 
25   Bjarne Relling
26   Ottar Engeseth
27   Egil Relling
28   Knut Dalhus

        

Diverse frå natur og miljø (klikk for større bilete):

Naust Smaahus blaa Stor Herberge Skihytta Baat
Naustrekke og midtsommar-dagar
Lite fint gardshus på Vågåkanten Hausten er blåbærtid. Blåbær er det av og til rikeleg av i Dyrdalen Lita hytte i mektig landskap. I Dyrdalen, Norddal,  med Torvløysa på 1851 moh. bak Herberge"  ved Storvatnet. Dette er ein gammal over- nattingsstad (under hellarar og steinar Dugnad på  skihytta på Rellingsætra i 50-åra. Beising og anna  
Foto: Oddvar Hjelle
Mange praktiske løysingar måtte til for å få  bilveg til Herdalssætra. Ei mil er vegen  (1950-åra).
Foto: Ivar I.  Krohn

JONSOKBRUDLAUP

Tre jenter feirar flott jonsokbrudlaup i Nordfjord  !! (ca. 1976-77)

 

Fottur

Retting:                                                                                                                                                                                                                            

Matslalåm